Ok boomer – og andre ting du kan seie til onkelen din om klima

Då Nora Heyerdahl (21) var barn lurte ho på korleis dei vaksne kunne sitja stille i middagsselskapet – samstundes som det var i ferd med å skje ei katastrofal klimakrise i verda.

– Då eg lærte om klimakrisa som barn, kunne eg ikkje forstå at dei vaksne kunne sitja stille i middagsselskap. Det såg ut til at alt var heilt fint, men det var det jo ikkje. Eg hugsar at eg tenkte; er det eg eller dei som har misforstått?, fortel Nora.

No er ho 21 år og har kjempa for naturvern så lenge ho kan hugse. I boka «Ok boomer – og andre ting du kan si til onkelen din om klima» skriv ho om sine erfaringar med vaksne som ikkje tek klimakrisa på alvor.

– Eg har møtt mange som har reagert negativt på min klimaaktivisme som ung. Eg trur dei reaksjonane kan stoppe barn og unge frå å snakka meir om klima og miljø, seier ho.

Barn og unge blir mobba

Ei ny spørjeundersøking frå Redd Barna viser at 1 av 10 barn og unge har opplevd å bli mobba av vaksne for å kjempa for eit betre klima og miljø.

– Då eg var barn byrja folk å le av mitt engasjement fordi eg «var så søt». Det er jo ein hersketeknikk dei vaksne brukar, seier ho.

Hersketeknikkar er metodar folk brukar for å herske over andre personar eller grupper. Med boka ønskjer Nora å gje unge sjølvtillit til å gå ut i verda med ryggen rak. 

– Viss ein tenkjer gjennom dette i forkant, kan ein takle kritiske folk med meir sjølvtillit. Då gjer det ikkje noko at enkelte himlar med auga, seier ho.

Ikkje barn sitt ansvar

Ho er positivt til at barn klimastreikar, strandryddar, melder seg inn i Miljøagentane eller gjer andre ting for klimaet. Men, utover det skal barn sleppa ansvaret for å løyse krisa.

– Det er vi vaksne som skal fikse dette for barna. Dei vaksne som seier at «dette går fint, den neste generasjonen skal fiksa det», tek ikkje det ansvaret dei skal ta. Det er feil, seier Nora. 

Viss du er sint på dei vaksne som ikkje tek klimakrisa på alvor, nyttar det ikkje å slå, sparka og hyla. Det er lurt å bruka sinnet klokt.

– Meld deg inn i ein organisasjon eller skriv brev til nokon med makt. Eg kjenner ein del politikarar, og dei blir rørt og opptatt av brev frå barn og unge. Og snakk med dei vaksne rundt deg. Vis følelsar og fortel dei kva du er bekymra for, seier Nora.