– Det er ikkje greitt at vaksne hetsar oss

Ulrik Hellum (12) kjenner fleire miljøagentar som har fått stygge kommentarar slengt etter seg av vaksne.

Ulrik, som bur i Fredrikstad, har engasjert seg i klima- og miljøkampen i snart fire år. Han har høyrt om mange døme på vaksne som mobbar. Både ansikt til ansikt og i sosiale medium.

– I Noreg har vi ytringsfridom, og vi har lov til å meine det vi vil. Det er greitt at enkelte vaksne er ueinige, men då må dei halde seg til saka. Dei kan ikkje kome med stygge kommentarar som går på person, seier Ulrik.

Burde vite betre

Han har ikkje sjølv opplevd mobbing, men har har høyrt vaksne komme med nedlatende kommentarar forkledt som ironi. Det betyr at dei seier noko, men viser med stemma og kroppen at dei meiner det motsette.

– Det er veldig spesielt å oppleve vaksne folk på dette viset. Vaksne burde jo eigentleg vite best av alle at mobbing er galt. Eg tenkjer at dei kan halde munn om dei ikkje har noko støttande å seie.

Sjølv opplever han støtte frå dei han kjenner.

– Foreldra mine støttar meg. Venene mine er ikkje alltid interessert, men dei støttar dei også. Eg opplever at folk på gata støttar oss også. Men det er jo nokon som ikkje er einige, seier han.

Gir seg aldri

Ulrik vil halde fram å kjempe for klima og miljø. Dei sakene som ligg hjarta nærmast er global oppvarming, plast og søppel i havet og regnskogen.

– Det handlar om vår generasjon si framtid. Eg skal leve videre saman med mange andre menneske på denne jordkloten, og vi burde overta ein jordklote som er minst like bra som den førre generasjon tok over. Vi har rett til ei lys framtid. Det fortener vi, seier han.