Barn blir mobba av vaksne for klimakamp

Ei ny spørjeundersøking frå Redd Barna viser at 1 av 10 barn og unge har opplevd å bli mobba av vaksne for å kjempe for eit betre klima og miljø.

– Vi jobbar for retten barna har til å seia ifrå, og at dei skal kunna gjera det og bli møtt med forståing, seier Sonja Silvana Lubiana som er dagleg leiar i Miljøagentane.

Ho synest det er trist at mange barn opplever mobbing.

– Klima- og miljøspørsmåla dreier seg om framtida deira og engasjementet dei viser er nødvendig! Derfor synest vi det er trist og alvorleg når barn blir mobba for dette engasjementet, seier ho.

Vanskeleg å forstå

Sonja synest det er vanskeleg å forstå at vaksne tillèt seg å mobba barn.

– Mobbing er aldri greitt, uansett.

– Som sjefagent i Miljøagentene er det lett å la seg rive med og kalla den typen åtferd både det eine og det andre, seier ho.

Men Sonja vil ikkje at det skal vere konflikt mellom barn og vaksne.

– Skal vi endra mobbarane må vi prøva å forstå dei, heller enn å dømma dei. Men det får i så fall vi vaksne ta oss av – så kan alle miljøagentar få halda fram med å seia ifrå om vår tids viktigaste sak, seier ho.

(Kjelde: Spørjendersøking utført av Ipsos i regi av Redd Barna)