Klubbane som skal vera med i «Superligaen»:
- Manchester United
- Manchester City
- Liverpool
- Tottenham
- Arsenal
- Chelsea
- Barcelona
- Real Madrid
- Atlético Madrid
- Inter Milan
- AC Milan
- Juventus
Det er varsla at tre andre klubbar også vil bli med, slik at talet på klubbar i serien blir 15.
Poenget med ligaen, er å samla dei beste klubbane i Europa til ein eksklusiv liga, skriv NRK.
Annonseringa kom på dei til no 12 toppklubbane sine heimesider, og på ei nyoppretta nettside for turneringa.
– Eit nytt kapittel i europeisk fotball
Klubbane skriv i pressemeldinga at dei ønskjer å betra kvaliteten og intensiteten i europeiske turneringar gjennom ein sesong, og at koronapandemien har gjort økonomien i den europeiske fotballen meir ustabil.
Dei var ikkje nøgd med korleis meistermligaen skal sjå ut dei neste åra, og bestemde seg derfor for å laga sin eigen liga.
– Ved å samla verdas største klubbar og spelarar, vil Superligaen opna eit nytt kapittel i europeisk fotball. Den vil sikra konkurranse og auka økonomisk støtte, seier Jpel Glazer, som er styreleiar i Manchester United og vise-styreleiar i Superligaen.
Slik blir turneringa
- 20 klubbar skal delta. 15 av dei skal vera faste, medan dei fem siste plassane er kvalifiseringsplassar.
- Det blir midtvekekampar med alle klubbane. Klubbane skal samtidig som dei er med i Superligaen, også delta i sine nasjonale ligaer.
- Turneringa startar i august kvart år.
- Dei 20 laga vert delt i to grupper med ti lag. Dei tre beste laga frå kvar gruppe går til kvartfinale.
- Laga som blir nummer fire og fem i gruppene, spelar ein playoff om dei siste kvartfinaleplassane.
- Sluttspelet er best av to kampar, medan finalen som blir spelt i mai, spelast som ein finalekamp.