No er nye «Fortnite» lansert

Nyleg lanserte Epic Games sesong 6 av Fortnite, som dei kallar «Primal».

Det har kome fleire nye system og øya har fått eit forhistorisk preg, skriv tek.no. For første gong er det også dyr på øya.

Dei kjem i både nøytrale og aggressive variantar, og du skal både jakta på dei og bruka dei som ressursar. Du kan mellom anna møta på ulvar, villsvin, froskar og høner, og tek.no skriv at Epic Games sannsynlegvis vil introdusera fleire dyr etter kvart.

Foto: Epic Games

Jakt med spesiallaga våpen

I tråd med «Primal»-filosofien, vil det i tillegg til nye system, vera mogleg å jakta. Du kan også laga dine eigne våpen, og endra dei.

Det inkluderer mellom anna buer som du kan laga av tre og dyr, eller skytevåpen som kan lagast av gamal teknologi som ligger rundt om på øya.

Foto: Epic Games