– Eg kjem frå ein veldig kreativ familie der me har drive med ulike former for kunst heilt sidan eg var veldig lita. Det er grunnen til at eg starta å teikna, seier Iris Storelv-Rabone (15).
I fjor sommar hadde ho si første utstilling på Galleri Várdobáik, som ligg i nabokommunen hennar, Tjeldsund. Ho beskriv det som ei spennande, men også litt travel oppleving.
– Då dei ringte meg for å spørra om eg var interessert, vart eg veldig overraska, seier Iris.
– Hadde vore kult å gjera det igjen
– Eg viste fram 14 ulike måleri. Me stressa litt med å få på plass det siste kunstverket, så det vart skisser som eg samla bak eit pleksiglas.
Verket vart solgt til ukjende folk, som bur på ein heilt annan plass i landet enn Iris.
– Det er veldig kjekt at folk har lyst på det eg lagar, seier ho.
I etterkant av utstillinga fekk Iris fleire bestillingar. På eit av dei, var det einaste kravet at det skulle vera fargerikt og samisk.
– Etter utstillinga er ho mellom anna blitt kalla den nye, unge protestkunstnaren. Koronaen har ikkje berre vore negativt, seier mamma Helén.
Vanskeleg å leva av
Utstillinga vart ei flott oppleving, og det freistar til gjentaking.
– Det hadde vore kult å gjera det igjen. Men det er vanskeleg å leva av å vera kunstnar.
Derfor har ho bestemt seg for at ho skal gå studiespesialiserande på vidaregåande, og så prøva å bli lege. Men ho har ingen planar om å slutta å teikna.
– Teikning og måling kjem alltid til å vera hobbyen min.