300 skuleborn kidnappa i Nigeria

Det herjar ei kidnappingsbølje i det afrikanske landet.

Væpna menn har kidnappa 300 jenter frå ein offentleg vidaregåande skule i Jangebe, Nigeria, skriv VG.

Skulen har informert at det berre er 54 elevar att på skulen etter kidnappinga.

– Treng handling

Unicef fordømmer kidnappinga, og seier at målretta og vilkårlege angrep på elevar, lærarar, akademikarar og tilsette på skular og utdanningsinstitusjonar er uakseptabelt.

– Me treng handling for å verna framtida til born og unge som er påverka av konflikt, skriv dei på Twitter.