
– Me er veldig glad i pingvinane våre og opptekne av at dei skal vera trygge, seier administrerande direktør på Akvariet i Bergen, Aslak Sverdrup.
Heilt sidan 9. desember i fjor, har bøylepingivnane budd i eit stort telt som er sett opp over pingvindammen på Akvariet.
Der har dei 29 pingvinane hatt portforbud for å unngå å bli smitta av eit pågåande utbrot av fugleinfluensa, som ikkje før er påvist i Noreg. Altså er det ikkje berre me menneske som har måtta vera forsiktige for å unngå smitte den siste tida.

Kohort i pingvindammen
– Dei har jo på ein måte blitt ein kohort inne i teltet. Teltet har gitt godt vern mot sjukdommen, men det er ei mellombels løysning, seier Sverdrup.
Når det blir varmare ute, hadde det ikkje vore bra for fuglane å bu i telt. Det er også meir lyd inne i eit telt. Derfor har Akvariet jobba for å få tak i ei vaksine, men det har ikkje vore beint fram å få til.
– Først og fremst må den importerast til Noreg, og så må me ha godkjenning frå Mattilsynet før me kan gi den.
No har dei endeleg fått godkjenning.

Må vaksinerast i to omgangar
Direktøren fortel at vaksinasjon av pingvinar går føre seg på den same måten som med menneske. Akkurat som med korona-vaksina, må pingvinane vaksinerast i to omgangar.
– Me må ta blodprøve av pingvinane før dei får vaksine og etter me har vaksinert dei.
Sverdrup fortel at dei håpar at alle pingvinane vil vera vaksinert i april.
– Då får dei endeleg vera habitatet sitt her på Akvariet att. Det er me glad for.