Dei som slo av skjermen og gjekk ut, vart lukkelegare

Fleire blir einsame og slit med psykiske plager no i koronatida. Men forskarane har nokre enkle tips til korleis vi kan få det betre.

Det er dei unge i samfunnet som synest det er vanskelegast når mykje er stengt ned grunna smittefare. Dette viser fleire undersøkingar som er gjort i Noreg det siste året, skriv Ung.Forskning.no.

Forskarar frå Austerrike gjorde ei undersøking i den første tida etter at koronaviruset byrja å herja i verda. Dei spurde nærare 300 vaksne om korleis dei følte seg. Dette gjorde dei tre gonger om dagen over ein periode på tre veker.

Dette fann dei:

  • Dei som var ute i løpet av dagen, følte seg lykkelegare enn dei som heldt seg inne.
  • Dei som brukte mykje tid på datamaskin eller smarttelefon følte seg mindre lykkelege enn dei som brukte lite tid på dette.
  • Dei som var ute og brukte lite tid framfor skjermen følte seg mindre einsame.

Gjeld òg barn

Forskarane meiner at årsaka til at vi blir lukkelegare av å vera ute, er at vi ikkje blir så stressa som vi blir er når vi er inne. Vi møter fleire menneske ute og kroppen vår er meir i rørsle. Alt dette veit vi er bra for den psykiske helsa vår.

Det er ikkje berre vaksne som får det betre av å vera ute.

Ei stor undersøking viser at også barn blir lykkelegare og sunnare når dei oppheld seg i naturen. Denne er gjort før koronatida.