Lisa-Maria (7) vil smitta deg med noko heilt anna enn korona

Lisa-Maria Sagstad (7) debuterer med songen «Smitte deg», der målet er å skulle glede flest mogleg og smitta med det som er bra. Ho har allereie fått statsministeren sitt kontor til å dansa av glede.

Dansar: Songen har allereie smitta mange til å danse. – Eg fekk ein melding frå ei jente som hadde dansa til «Smitte deg» i tre samanhengande timar! Det er gøy, seier Lisa-Maria. Foto: privat

– Songen min handlar om noko som er veldig smittsamt. Eg vil smitta mange, mange, mange millionar menneske i heile verda med glede, smil og song.

Det seier Lisa-Maria Sagstad, som kjem frå Frekhaug utanfor Bergen. No debuterer ho med songen «Smitte deg» som allereie har fått mykje merksemd. BA har også skrive om Lisa-Maria.

– Eg har berre fått fine kommentarar! Det som er ekstra kult, er at statsministeren har delt songen min, seier Lisa-Maria entusiastisk.

Etter at Erna Solberg delte musikkvideoen til songen hennar, har det verkeleg tatt fart.

Fekk statsministerens kontor til å dansa

Sendte brev til statsministeren: Då statsministeren delte songen til Lisa-Maria, var det ekstra mange som fekk den med seg. – Eg ville takke ho for at ho har passa så godt på oss i denne tida og sendte ho songen min. Foto: Skjermdump Facebook

– Eg skreiv brev til Erna på Facebook, med sure korona-fjes og masse hjarte.

Ein dag Lisa-Maria kom heim frå skulen, hadde mamma Solfrid Sagstad fått ein heilt spesiell telefon.

– Dei ringte frå statsministerens kontor, og sa at alle som jobbar der hadde dansa til songen min. Så spurte dei om dei kunne få dela den, seier Lisa-Maria og smiler.

– Det betyr at den kjem til å gleda endå fleire, det er veldig kjekt, seier Barbro Wiig Sulebakk som er tanten og manager til Lisa-Maria.

Lisa-Maria fortel at songen kom til etter ei stund med koronaresitriksjonar. Ho fann på fleire tulleord, og gjekk til tanta si og sa at det hadde vore kjekt å laga ein song. Tanta hennar syntest at det var ein god plan.

Bli betre kjent med Lisa-Maria:

14 prosent av livet

– Me fann ut at me skulle erta koronaen litt med desse tulleorda. Me ville laga ein song om noko som gjer folk glad, seier Barbro.

Dei har laga songen på ein musikkstad og fått hjelp av ein produsent, som har laga musikk for mange kjende folk. Dei har også laga musikkvideo.

– Det var veldig gøy! Me hadde masse ballongar og boblemaskin, seier Lisa-Maria.

No håpar dei at koronaen snart forsvinn. Barbro fortel at det siste året har vore langt for alle, men kanskje spesielt for born.

– 14 prosent av livet til Lisa-Maria har faktisk gått føre seg etter at koronaen kom, noko som er rart å tenkje på.

Lisa-Maria nikkar, og fortel at ho saknar å vera saman med alle venene sine.

– Eg håpar at me snart kan gå tilbake til slik det var før, takka vera dei som held avstand og tek vare på kvarandre.

Sjå musikkvideoen til «Smitte deg»: