Rotta Magawa redda liv – no har ho fått sin eigen statue

Den afrikanske kjemperotta Magawa hjelpte til med å gjera store område trygge i Kambodsja. No har ho fått ein over to meter høg statue i byen Siem Reap.

I løpet av fem år fann Magawa over 100 landminer og andre eksplosiver som låg skjulte i bakken. Til saman gjorde ho 141.000 kvadratmeter land trygt igjen. Det svarer omtrent til 20 fotballbanar.

Magawa vart trena opp av organisasjonen APOPO. Der jobbar dei med å bruka rotter til å finna landminer.

– Me har ikkje hatt ei einaste ulykke med rottene, og dei har heller ikkje oversett ei einaste landmine, seier Christophe Cox, direktør i APOPO til Verdens Beste Nyheter.

Lette og raske

Rottene har ein stor fordel. Dei er så lette at dei ikkje utløyser landminene. Samtidig er dei raske.

– Det kan ta ein mineryddar mellom ein og fire dagar å gå gjennom eit område på storleik med ein tennisbane. Medan rottene kan gjera den same jobben på ein halvtime, seier Cox.

Ideen om å bruka rotter til å finna landminer syntest han først høyrdest ganske merkeleg ut. På 1990-talet reiste han til Kenya frå heimlandet sitt Belgia, for å gjera sosialt arbeid som erstatning for militærteneste. Under opphaldet sende han brev heim til den gamle skulekameraten sin, Bart Weetjens.

– Ein dag fekk eg eit brev frå Bart med ei stor teikning av ei rotte, der det stod at han ville starta med å trena rotter til å oppdaga landminer. Eg tenkte at han måtte ha hatt ein vill kveld ute på byen, seier Cox.

Dei to vennene reiste til Tanzania og grunnla APOPO i 1997. Det er der opplæringa til rottene går føre seg i dag.

Magawa døydde i 2022, åtte år gammal. Men arbeidet held fram. I dag jobbar over 300 rotter med å finna landminer og redda liv rundt om i verda.

Video øvst i saka: YouTube / Global News