Stina Talling skal blimE i Melodi Grand Prix

Mange barn og unge veit kven Stina Talling er. No håper ho dei «vaksne» blir like sjarmerte.

I eit halvt år har Stina halde på løyndommen om at ho skal delta i Melodi Grand Prix. Låten ho skal framføra er ein typisk hitlåt, samtidig som den har noko MGP i seg, fortel ho. – Litt sånn magisk, seier Talling til Bergens Tidende.

Dei fleste kjenner Stina frå BlimE-låta “Mer enn god nok” i 2019. Her kan du lytte til den!

Dei første ti artistane

Måndag vart dei ti første artistane presentert for offentlegheita. Seks finalistar som har kvalifisert seg på førehand, og fire som skal i elden i første delfinale, skriv NRK.

Totalt skal rekordmange 26 artistar vera med. 12 av desse konkurrerer i finalen, seks har kvalifisert seg på førehand og seks finalistar er stemd fram av publikum.

Den første av fem delfinalar er allereie førstkomande laurdag.

Kvar måndag blir fire nye artistar presentert.

Desse deltek i finalen, 20 februar.

  • TIX
  • Atle Pettersen
  • Stavangerkameratene
  • Kaja Rode
  • Rein Alexander
  • KEiiNO

Desse deltek i første delfinale, 16. januar.

  • Stina Talling
  • Jorn
  • Blåsemafian
  • Beady Belle