Forskarar har lenge vore einige om at platene som delar inn jorda, som me kallar for tektoniske plater, gjer at kontinenta på jorda flyttar på seg. Jorda er i dag delt inn i 14 ulike slike plater, og grensene mellom platene vert kalla for plategrenser.
Platene flyttar seg med ulik fart, men vanlegvis rører dei seg mellom 2 og 5 centimeter kvart år.
Nokre stadar har det vore målingar som viser at dei har flytta seg opp til 10 centimeter på eitt år, skriv ndla.
Nyleg fann forskarane ut at dei kunne setje ein dato på når rørsla starta for første gong, og slik førte til at dei ulike kontinenta på jordkloden flytta på seg.
Har analysert lavastein
Geologar ved Curtin University i Australia har analysert dei kjemiske endringane som dei har sett i lavastein, og det har ført til at dei kan stadfesta at platene på jorda starta å røra på seg for 3,2 milliardar år sidan, skriv Illustrert Vitenskap.
Sidan platene har vore i rørsle så lenge, har ikkje kontinenta og verdshava alltid sett slik ut som når me ser på globusen.
Korleis trur du jorda hadde sett ut om platene ikkje hadde flytta seg? Det er spanande å tenkje på!