Dei fire sportane vart inkludert i programmet etter at den Internasjonale Olympiske Komiteen (IOC), hadde eit møte i desember.
Tre av sportane er med på programmet i Tokyo allereie neste år, medan me må venta for til OL i 2024 for å sjå breakdansing på programmet.
Tanken bak å ta med dei fire nye greinene, er å gjera OL meir aktuelt for ungdommar. IOC håpar også på å få enno fleire TV-sjåarar, skriv Nettavisen.
Vil treffa born og ungdom
– Me hadde ein prioritet om å introdusere sportar som er spesielt populære blant dei yngre generasjonane, seier Thomas Bach, som er president i IOC i ei sak hjå KidsNews.
Inkluderinga av breakdansing er eksempel på ein sport som er mest populær blant born og unge. Allereie i 2018 hadde dei store sjefane i IOC fått augo opp for dansen.
Breakdansing var nemleg med i ungdoms-OL i Buenos Aires i Argentina i 2018. Då vann den russiske utøvaren Sergei Chernshev gull for gutar, medan Ramu Kawai frå Japan vann for jentene.
Er det ein sport du gjerne skulle sett i OL, som enno ikkje er med? Skriv det til oss i kommentarfeltet!