I India er det eit stort problem at mange folk spreier falske nyhende om koronaviruset, skriv BBC.
– I denne teikneserien ønskjer vi å utfordre feilinformasjon, fjerne frykt og støtte helsearbeidarar i kampen mot viruset, seier Ram Devineni til BBC. Han er skaparen av teikneserien.
Superheltinna Priya blei lansert fyrste gong i 2014 då ei ung kvinne vart valdteken på ein buss i Dehli. Teikneserieskaparen laga serien for å rette merksemda mot problemet med seksuell vald i India.