– Det er ein enorm pågang av kundar som er på jakt etter ein PlayStation 5. Det var me førebudde på, men då det var nesten 7000 brukarar som ville logge seg inn på nettstaden vår samtidig, slutta systemet å fungere, seier kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen i ei sak til Tek.no.
Allereie før salget skulle starte klokka 09.00 på morgonen, var ikkje nettstaden til Coop mogleg å gå inn på.
Mange som hadde håpa på å skaffa seg ein PlayStation, vart skuffa.
Utsolgt på fem minuttar
Også hjå Elkjøp var det fleire kundar som forsøkte å skaffe seg den nye spelkonsollen. Dei valgte å dele opp lanseringa, for å sleppa at det skulle komme inn så mange folk på same tid.
Kommunikasjonssjefen deira, Madeleine Schøyen Bergly fortel til Tek.no at det var meir enn 60.000 personar som var inne på nettsida deira då salget skulle starte.
– Dei 500 konsollane me hadde ute for salg kl. 10.00, vart utsolgt med ein gong, seier ho.