Forskjell mellom gutar og jenter?

Jentene og gutane er einige i at det er forskjellar mellom kva jenter og gutar les, men dei er ikkje einige i kva forskjellen er.

– Jentene les om prinsesser og alvar, seier Matheo Luca Klingsheim.

– Neihei! Det gjorde me i 1. klasse! protesterer Marte Sandvik Turøy kraftig. Ho likar best å lesa hestebøker, og seier det er fleire jenter som gjer det, sjølv om ho og Emilie er dei einaste i klassen som driv med hest.

Gut eller jente i hovudrolla?

Både jentene og gutane likar å lesa faktabøker. Dei er litt ueinige om hovudpersonen i boka må vera av same kjønn som dei sjølve.

– Det gjer eigentleg ingenting om det er ein gut eller jente i hovudrolla, men eg likar best dei bøkene der det er ei jente i hovudrolla, seier Marte Sandvik Turøy. Emilie Brandvik likar best når bøkene handlar om ein gjeng med både gutar og jenter i hovudrollene, slik som Harry Potter og Hermine og Ronny.

Herman Elias Carlsen seier han likar mange bøker men gutar i hovudrolla, men Lena i Vaffelhjarte og Keeperen og havet er ein person han likar veldig godt å lesa om.

– Ho er veldig morosam!

Synest du det er viktig kva kjønn hovudrolla i ei bok har?

Synest du det er viktig kva kjønn hovudrolla i ei bok har?

Ja, det gjer eg36
Nei, det er ikkje så viktig99
Eg veit ikkje11
Svar totalt: 146

Fire om sine favorittar

Matheo Luca Klingsheim (9)

Likar: Det må vera litt action

Favorittbok: Flukten til verdens ende av Arne Svingen. Før var det Gutta i trehuset av Andy Griffiths.

 

 

Herman Elias Carlsen (10)

Likar: Fantasy og magi

Favorittbok: Pax-serien av Ingela Korsell og Åsa Larsson. – Kjempegøy og mykje action. Og så er det ikkje alltid det er ein god slutt.

Favorittforfattar: Maria Parr. – Ho skriv så morosamt.

 

Marte Sandvik Turøy (10)

Likar: Hestebøkene til Penny&Friends

Favorittbok: Ingen annen hest frå Penny&Friends.

Favorittforfattar: Roald Dahl.

 

Emilie Brandvik (10)

Likar: Hestebøker og detektivbøker. – Clue-serien likar eg godt.

Favorittbok: Astra frå Penny & Friends