Regjeringa sine råd for ei koronatrygg Halloween-feiring

Lurer du på kva som skal til for å ha ei trygg Halloween-feiring? Her får du vite kva regjeringa seier om det.

  • Finn gjerne alternative måtar å feire halloween på i år, for å begrense antall kontaktar.
  • Følg reglar og råd for arrangement og samlingar. Sjekk kva reglar som gjeld for din kommune.
  • Vask hender ofte og grundig, og hugs god hostehygiene.
  • Skattejakt, rebuslaup og liknande er gode alternativ til knask eller knep-runden.
  • Kjøp og et ferdiginnpakka godteri.
  • Ikkje del sminke med andre enn dei du bur med.
  • Er du sjuk skal du halde deg heime.
  • Både dei som ringer på og dei som opnar døra må vera friske.
  • Gå i små grupper og med dei du er saman med til vanleg.
  • Hald avstand til andre grupper dersom det blir kø utanføre enkelte hus.
  • Den som opnar døra, er den som deler ut godteri. Hugs reine hender, eller bruk skei/pølseklype.
  • Vent med å ete godteri til runden er ferdig og du har fått vaska/sprita hendene.
  • Ikkje del godteri.
  • Ha gjerne ein vaksen med på runden: Dei kan sikre både smittevern og trafikksikkerheit i mørke.

(Kjelde: Helsenorge.no)