Tips til ei miljøvennleg halloween-feiring

Kva er eigentleg mest skremmande med halloween? Zombiar og hekser eller alle plastprodukta som blir selde? Her er tips til ei meir miljøvennleg feiring 31. oktober.

Halloween er her og nordmenn over heile landet har teke den amerikanske tradisjonen til seg for lengst. Frå gamalt av var dette ein kristen skikk som har vorte ikkje-religiøs. Det var ein minnefest for dei døde. På norsk heiter det eigentleg Allehelgensaftan, men den amerikanske feiringa har tatt over store delar av verda.

Mykje plast

Ifølgje Virke Analyse og bransjeutvikling bruker nordmenn rundt 270 millionar kroner på kostymer og knask til halloween. Mange av halloween-produkta som blir selde i dei ulike butikkjedane er eingongsprodukt – og det aller meste er laga av plast. Mange av dei ferdige kostyma du kan få kjøpt er laga av polyester og andre plaststoff som naturen ikkje kan bryte ned.

Difor har Fremtiden.no laga ei huskeliste med gode tips om korleis du kan gjere halloweenfeiringa litt meir miljøvennleg: 

Redd graskaret

Graskar kan brukast til mykje meir enn til å lage fine lykter til feiringa. Innmaten er ikkje berre næringsrik, men den passar også perfekt til ei rekke matrettar. Google «Gresskar + oppskrifter» og slå deg laus på kjøkenet!

GRESSKAR: Innmaten i gresskaret kan du bruke til ei rekke matrettar. Foto: Pixabay

Dropp plast viss du kan

Plast kan innehalde ei rekkje miljø- og helseskadelege stoff, og butikkane bugnar av ulike dekorasjonar, kostymer og masker laga av plast. I staden for å kjøpe desse, kvifor ikkje finne ting og klede som er laga av naturmaterialar? Bomull, gips, tre og papir er gode alternativ. Det er også fint å lage dekorasjoner av papp eller papir! Du kan klyppe ut figurar for å pynte i vindauga eller på festbordet (sjå bilete).

PAPP: Det er miljøvennleg å lage dekorasjoner av papp eller papir i staden for plast. Foto: Pixabay

Byt kostyme med vener

Har du allereie eit kostyme, men tenkjer at du har lyst til å kle deg ut som noko anna? Kvifor ikkje byte kostyme med naboen eller vener? Det er ein enkel og god måte å spare miljøet for produksjon av nye ting. Vinn-vinn for miljøet og deg.

Arrangér halloweendugnad

Arrangér ein kveld med vener der de lagar dekorasjonar, masker og kostymer. Slitte laken og gamle klede kan nemleg raskt bli nye kostymer med litt kreativitet. Bruk miljøvennleg maling og papir til å lage ein unik dekorasjon ingen andre har. Treng du litt hjelp til å sette i gong? Appen Pinterest har mykje inspirasjon. “DIY” + “Halloween” er ein god plass å hente idéar.

LYKTER: I tillegg til å lage stemning med lykter av gresskar, kan du bruke innmaten til å lage god mat. Foto: Pixabay

Regjeringa sine råd for ei koronatrygg feiring: 

  • Det skal ikkje vere fleire enn 20 personar samla på ein privat stad.
  • Barn som leikar og er i same gruppe på skulen og på fritida, treng ikkje å halde avstand.
  • Barn kan halde éin meter avstand til andre som ikkje er i desse gruppene.
  • Barn kan leike saman og omgåst slik dei gjer i barnehagen og på skulen, men unngå nærkontakt som klemming og handhelsing.
  • Handvask eller handdesinfeksjon skal vere lett tilgjengeleg. Vask henda før, etter og undervegs.
  • Dei inviterte bør helst vere frå dei same gruppene som på skulen eller på fritidsaktivitetar.
  • Feiringa bør helst skje utandørs. Når ein feirar innandørs er det særleg viktig å ha god nok plass slik at alle som ikkje er i same gruppe/kohort, kan halde 1 meters avstand.
  • Mat bør bli servert i ferdige porsjonar, også kake. Husk reine hender hos både dei som serverer, og dei som et.
  • Det er lurt å pakke inn godteriet slik at ikkje alle tek i den same godterikorga.
  • Alle som har luftvegssymptom, eller er sjuke, bør halde seg heime.

Kjelde: Regjeringen.no