Lag vegetarburger av kikerter

Matstart.no har laga denne supre oppskrifta på vegetarburger. Denne smakar supergodt og er bra for både deg og klimaet!

Ingrediensar:

  • 1 boks hermetiske kikerter
  • ½ lauk
  • 1 ½ kvitlaukbåtar
  • ½  ss matolje
  • ¼ potte frisk koriander
  • 1 ts malt spisskummen
  • ¼ ts kajennepepper
  • 1 ss potetmjøl
  • ½ egg
  • Smak til med salt og pepar
  • 1 ss griljermjøl
  • Matolje til steiking
  • 2 grove hamburgerbrød
  • 2 ss rømme

Utstyr:

  • Dørslag
  • Skjærefjøl
  • Kokkekniv
  • Bolle
  • Steikepanne
  • Steikespade
  • Matskei
  • Food processor
  • Teskei
  • Kopp
  • Stoppeklokke
  • 2 tallerkenar

Slik gjer du:

  1. Tøm kikertene over i eit dørslag. Skyll godt med kaldt vatn. 

2. Gjer klar lauken. Del den i to, ta av skalet og hakk den i små bitar.

3. Rens kvitlauken og hakk han i små bitar.

4. Ha ei steikepanne på plata og sett på middels varme. Ha i olje når panna er varm. Ha i lauk og kvitlauk, og steik til lauken er mjuk og blank. Rør undervegs med steikespaden. Skru av plata og sett steikepanna til sida.

5. Gjer klar food processoren og ha den steikte lauken i bollen. 

6. Ha kikertene i bollen saman med lauken. 

7. Hakk koriander litt grovt, og ha i bolla.

8. Ha i spisskummen, kajennepepper og potetmjøl.

9. Kjør raskt saman, slik at røra blir most. Kikertene skal ikkje vera heilt knust, så stopp før dei blir det. 

10. Knekk eit egg, og ha det over i blandinga. 

11. Køyr saman blandinga på ny, slik at egget blir godt blanda inn.

12. Trekk ut kontakten frå maskina, og sett mosen kaldt i ca. 25 min.

13. Finn frem ein tallerken og dryss over litt griljermel. Finn fram kikertmosen.

14. Del kikertmosen i 2 delar. Rull kvar porsjon til ein ball og press kvar ball flat mellom hendene dine. Press begge sidene ned i griljermelet. Legg dei over på eit brett etterpå.

15. Sett fram ein tallerken som du kan ha dei steikte burgerane på. Ha ei steikepanne på plata og sett på middels varme. Ha i 1 ss olje når panna er varm.

16. Legg burgerane i panna og steik til dei er gylne. Cirka 3 minutt på kvar side.

17. Når burgerane er klare, er det klart for å setje saman hamburgerar! Fyll burgerbrøda med kikertburger og gjerne salat. Ha på litt rømme og nyt!