– Synet er viktig for at ein skal få mest mogleg ut av å gå på skulen, og difor er det viktig for Blindeforbundet å jobbe for å setje fokus på barn sitt syn. Sjølv fekk eg ikkje briller før i andreklasse. Eg vil at alle barn skal få sjekke synet sitt, og at dei som treng briller skal få det gratis, seier Terje André Olsen i ei pressemelding. Han er leiar i Norges Blindeforbund.
Artikkelen held fram etter bilete.
Kvart femte barn
For berre nokre år sidan fann Blindeforbundet ut at kvart femte barn i Noreg har problem med synet sitt. Det er viktig at alle barn får den hjelpa dei behøver for å sjå best mogleg. For å finne ut om ein treng briller, tek du ei synsundersøking for å sjekke synet ditt.
– På ei synsundersøking blir det gjort to ting. Ein ser på augo dine med ei maskin, for å finne ut om dei kan ha ein skade, og for å sjekke korleis akkurat dine auge fungerer. Så må du som er på undersøkinga sjå på ein plakat med store og små bokstavar, og fortelje om kva du ser, forklarar Terje André.
Ulike behov
Når undersøkinga er ferdig, får du vite om du treng briller og kva slags briller du treng.
– Det finst mange ulike typar briller som hjelper ulike synsfeil. Nokon må til dømes bruke briller heile tida, medan andre treng briller når dei skal lese, fortel Terje André.