Framtidajunior Nyhende Ny studie: Fans av skrekkfilmar taklar pandemi-tida betre
Foto: Colourbox

Ny studie: Fans av skrekkfilmar taklar pandemi-tida betre

Forskarar har sett på om det å jamnleg bli utsett for skumle skrekkfilmar, gjer at ein taklar koronapandemien betre.

No har forskarar i Danmark og USA sjekka ut om skrekkfilm-interesse kan gjere ein mindre stressa i ein koronapandemi. Dei har spurt 310 personar om deira film- og medievanar og korleis dei har takla pandemi-tida, skriv Framtida.

Spørsmåla gjekk på kva filmar og seriar dei likar, om dei har sett filmar om pandemiar – og så spørsmål om den mentale helsa, som om dei «har vore meir deprimert enn vanleg» og «føler positivt om framtida», i den tidlege fasen av koronakrisa.

Aliens og zombiar

Studien viste at fans av skrekkfilmar viser sterkare motstandsdyktigheit under pandemien. Dei meiner at det å oppleve skremmande kjensler i eit trygt miljø, som til dømes å sjå ein skummel film heime, kan hjelpe folk til å takle frykt betre.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Lotte føler seg som ein sprettball når foreldra skil seg

I boka «Sprettball» møter me Lotte, ei jente som prøver å finna fotfestet etter at foreldra hennar skil lag. Men, kva skjer når alt rundt henne endrar seg? Med nye heimar, nye venner og ei kjensle av å ikkje passe heilt inn?

VIDEOAR