Framtidajunior Kultur Dette er koronasangen alle bør lytte til no

Dette er koronasangen alle bør lytte til no

Den vietnamesiske koronahiten Ghen Cô Vy har kome i engelsk cover – med hjelp frå stjerneprodusenten Max Martin.

For å spreie informasjon om koronaviruset i Ghana tok den svensk-ghanesiske organisasjonen Project Nima iniativet til å lage ein engelsk cover av den vietnamesiske koronalåten Ghen Cô Vy

Men dei trong litt hjelp for å få det til.

Difor tok organisasjonen kontakt med den svenske stjerneprodusenten Max Martin. Han slo for alvor gjennom då han skreiv og produserte Britney-klassikaren …Baby one more time og har sidan då vore ei hitmaskin av rang. Kunne han bidra?

– Det er heilt sprøtt, vi trur framleis ikkje det er sant! Han svara og sa: «gje meg nokre dagar, så kjem eg att med ein låt», seier Project Nima-grunnleggjar Christina Wenngren til SVT, som først omtalte saka.

Max Martin kopla på LA-produsentane Matthew Engst og Chau Phan, og bidrog sjølv med å koordinere musikksida av prosjektet.

Resultatet vart ein musikkvideo, spelt inn med både svensk og ghanesisk ungdom, som no vert spelt på Ghana sin største TV-kanal kvar fjerde time.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR