Framtidajunior Kultur Går viralt med portrett av Jesus og Fridomsgudinna
Jesus. Foto: Bas Uterwijk

Går viralt med portrett av Jesus og Fridomsgudinna

Fotograf Bas Uterwijk sine portrett av Fridomsgudinna og Jesus har teke verda med storm. Han har brukt kunstig intelligens for å laga bileta.

Nederlandske Bas Uterwijk kom over eit kunstig intelligensprogram som er blitt trent opp ved å sjå på tusenvis av bilete og måleri som viser ulike menneskeandlet. Programmet gjer det mogleg å setje saman fleire ulike bilete av eit fjes, slik at dei blir ein heilskapeleg versjon. Brukaren kan så gjera sine kunstnarlege justeringar, skriv Framtida.no.

For Uterwijk vart dette starten på ei viral-historie.

Uterwijk brukte nemleg programmet til å vise fram realistiske portrett av historiske og fiktive karakterar.

– Eg har fått mange, til tider svært kjensleladde tilbakemeldingar, som til dømes på biletet av Jesus. Men eg får også e-postar som fortel at dei vart rørt av Napoleon-portrettet, fortel fotografen på e-post til Framtida.no.

Fridomsgudinna. Foto: Bas Uterwijk
Dronning Elizabeth 1 av England. Foto: Bas Uterwijk
Michelangelo sin statue av David. Foto: Bas Uterwijk
Hærleiar Napoléon Bonaparte.Foto: Bas Uterwijk
Kunstnar Rembrandt Harmenszoon van Rijn. Foto: Bas Uterwijk
Billy the Kid, ein av dei mest kjende lovlause frå den ville vesten. Foto: Bas Uterwijk

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Bok eller film – kva er best?

Mange filmar er basert på bøker. Men er boka eller filmen best? Olive, Salomon og Åshild deler sine tankar om bøker som har vorte filmar og kva dei meiner må til for at filmen skal bli like bra som boka.

VIDEOAR