Dei svarte svanene er første bok i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet. Ruth Lillegraven har skrive bøkene, og Jens Kristensen teiknar bilda i bøkene. Han har teikna fine bilde som passar til historia. Boka er ei spennande historie som startar med eit krasj. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden, og dei kvite svanene har fått svart olje på seg. Stammar olja frå båten, eller forureiner nokon sjøen med vilje? Me blir med Vanja, Sivert og Mo på ein spennande jakt.
Hytta som forsvann er andre bok i serien om Klodeklubben. På garden der Vanja bur blir fleire av dyra sjuke. Og ein dag blir hytta som ho og Sivert har leika i riven og boset flyt. Klodeklubben prøver å finna ut kva som har skjedd. Boka er bra fordi den handlar om at me ikkje berre må hiva søppel i naturen.
Eg vil anbefala bøkene til alle som er glad i naturen og som likar spenningsbøker. Ein annan ting som er bra med bøkene, er at det er miljøfakta bak i bøkene. Det gjer at fleire får lyst til å passa på naturen. Eg trur bøkene passar til dei som er mellom 7 og 11 år. Dei yngste må kanskje bli lese for, men dei eldre klarer fint å lesa sjølv.
Meldt av: Malene Ruhs Langåker (12), leiar av Miljøagentane på Stord
Les intervju med forfattar Ruth Lillegraven her!
Les første kapittel av Dei svarte svanene her!