Les kapittel 1 i Klodeklubben-boka «Dei svarte svanene»!

«Dei svarte svanene» er første bok ut i spenningsserien «Klodeklubben». Her får du lesa første kapittelet.

KRASJET

Sivert og Vanja er på veg ned mot stranda. Det er planleggingsdag.

– Håpar ikkje det er kaldt i vatnet, hutrar Sivert.

Vanja ler.
– Alltid like pysete, du, Sivert, ertar ho. Stranda ligg inst i fjorden, ikkje langt frå den store fabrikken. Dei legg frå seg handkleda på bakken og skal til å kjenne på vatnet. Då høyrer dei ein stor smell.

– Men hallo … Kva var det?

Sivert kikar rundt seg. Ein stor båt ligg skeivt inntil kaien ved fabrikken. Det ryk frå han!

– Kva skjer? ropar Vanja. – Har båten krasja?

Ein gut kjem springande.
– Høyrde de smellen, eller?
Sivert har aldri sett guten før. Kven er han?

Illustrasjon: Jens Kristensen, publisert med løyve frå Samlaget.

Feriefolka har reist no.
– Mamma og eg skulle til å ete, ropar den framande guten. – Fat og glas klirra. Det var heilt sprøtt. Som eit jordskjelv.

Så ille var det då vel ikkje, tenkjer Sivert. Men han seier ingenting. For endeleg skjer det noko, og det er på tide.

– Blir du med bort på kaien for å sjå kva som har skjedd? seier Vanja.

– Ja, gjerne, svarar guten.

– Kva heiter du, forresten? seier Vanja.
– Mo, seier guten. – Eg har akkurat flytta hit. Skal byrje i femte klasse. – Å! Så gøy!

Vanja gjer nokre små byks av glede. – Det skal vi også!

Illustrasjon: Jens Kristensen, publisert med løyve frå Samlaget.

Borte på kaien har det samla seg masse folk. Sivert får berre eit glimt av fronten på båten. Den er skikkeleg bulka.

– Kvar kjem alle desse folka frå? spør Mo.

– Frå fabrikken, svarar Vanja. – Før dreiv dei fleste rundt her gard. No jobbar nesten alle på fabrikken.

– Kva lagar dei der?
– Bildekk, svarar Sivert.
– Nei, felgar, rettar Vanja. – Det som er i midten inni dekka, liksom.
Sivert kjenner eit stikk av irritasjon. Vanja skal liksom alltid ha det siste ordet.

– Hallo, ropar ei høg stemme. Ein mann kjem opp av båten og går ut på kaien. Han stansar rett framfor dei.

– Ingen ungar her no!

Mannen viftar med hendene. Det er masse folk på kaien. Sivert prøver å strekkje hals og sjå forbi mannen. Det er ikkje berre båten som er skada, men kaien også. Det kjem to personar til ut av båten. Fabrikkdirektøren. Og ei dame.

– Ungar, de høyrde meg. Stikk no!

– Slapp litt av, då, mumlar Vanja oppgitt, men byrjar likevel å gå.

– Kven var han suringen der? spør Mo medan dei går bortover.

– Luke, seier Vanja. – Eg trur han er nestsjef på fabrikken.

Mo ristar på hovudet. – For ein kjip fyr!