Amerikanske Ariana Grande sette den gjeve rekorden i helga, skriv VG. Mange har gratulert ho med rekorden – mellom anna popveteranen Lady Gaga (34).
«Gratulerer til venninna mi Ariana som har fått 200 millionar følgarar! Du er ei dronning! Ber krona di med rette!», skreiv Gaga som sjølv har 43,4 millionar følgarar.
Kjendiskvinnene som pustar Grande i nakken, er realitystjerna Kylie Jenner (23) og popstjerna Selena Gomez (28). Jenner har 193 millionar følgarar og Gomez har 191 millionar følgarar.
På herresida var fotballikonet Cristiano Ronaldo (35) den fyrste som passerte 200 millionar. Det skjedde i januar i år. No er han oppe i 237 millionar følgarar totalt.