Framtidajunior Nyhende Hurtigruten får kritikk for same-karikatur
Skjermdump

Hurtigruten får kritikk for same-karikatur

Eit nederlandsk reiseselskap marknadsfører Hurtigruten med ein karikatur av ein samegut.

Det nederlandske reiseselskapet Norske Noorwegen Reizen brukar ein samisk karikatur i logoen sin. I logoen er òg logoen til Hurtigruten, sidan selskapet leverer Hurtigruten-turar.

– Dette er ei stereotypisk framstilling av det samiske som vi har diskutert veldig mykje no i det siste. Å framstille samar på den måten er ein type kulturelt tjuveri, seier Hansen til statskanalen.

Ein karikatur er ei komisk framstilling av noko.

Det nederlandske reisebyrået opplyser at det ikkje har vore meininga å fornærme nokon med logoen. Dei seier også at dei vil endre han.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

– Eit hurra for barns innsats i tusen, ja, millionar av år!

Den nye boka Barnas verdshistorie har vunne den viktige Brageprisen. – Eg håpar prisen kan gi boka nye lesarar, så riktig mange kan vera med i hurraropet, seier forfattar Erna Osland til Framtidajunior.no.

VIDEOAR