No går startskotet for Bokslukarprisen

Denne hausten skal cirka 120.000 elevar på mellomtrinnet lese seg gjennom ei samling av ti bøker for å finne den beste boka.

Alle påmeldte elevar vil i august få ein antologi, altså ei samling med utdrag frå dei ti bøkene. Elevane skal lese utdraga i løpet av hausten og stemme fram sine fem superfinalistar.

Deretter skal 15 juryklassar få oppdraget med å lese superfinalistane frå perm til perm og kåre ei vinnarbok!

Bokslukarprisen vert delt ut på Verdas bokdag 23. april i 2021.

– Det er eit spennande og variert utval om mellom anna andre verdskrig, Julius, om å vekse opp i to familiar, om iBrain og om forelsking, seier prosjektleiar i Foreningen !les, Troels Posselt.

Dei ti bøkene i antologien er:
Kodeord Overlord av Tor Arve Røssland, Vigmostad & Bjørke 2019
Buffy By er talentfull av Ingeborg Arvola. Illustrert av Nora Brech, Cappelen Damm 2019
Spesialklassen av Flu Hartberg, Cappelen Damm 2020
Opphavet av Torbjørn Moen, Omnipax 2019
Blyanthjerte av Elin Hansson, Aschehoug 2019
Som ein bror: historia om sjimpansen Julius av Alfred Fidjestøl, Samlaget 2019
Magnus Carlsen og sjakkmorderen av Aleksander Kirkwood Brown. Teikna av John S. Jamtli, Cappelen Damm 2020
Annenhver uke. Olivias liv av Heidi Linde, Gyldendal 2019
Blå flaggermus av Harald Nortun, Samlaget 2019
Harpa av A. Audhild Solberg, Aschehoug 2019