Sist veke kunne selskapet for første gong vise innsida av rom-flyet SpaceShipTwo, som skal brukast til kommersiell flyging i rommet.
– Interiøret er designa for eitt føremål: å få den perfekte utsikta til jordkloden frå verdsrommet, sa Virgin Galactic i ein teaser video tidlegare denne månaden.
Vindauge overalt
Når ein først har betalt 250.000 dollar (omlag 2,3 millionar kroner) eller meir for å reisa ut i rommet, er det nok ekstra viktig med god utsikt. Flyet har plass til seks passasjer-astronautar og har 17 vindauge i alle retningar.
Som på ein kvar god turistattraksjon blir alt dessutan godt dokumentert, og du får bilete til å ta med deg heim. Men det stoppar ikkje der: Det er også montert ein diger spegel i enden av kabinen, slik at du kan sjå deg sjølv i rommet – live.
Let deg oppleve vektløyse
Romflyet skal lette med fly før det vert sendt ut til termosfæren, omlag 97 km over jordas overflate.
Sjefen i Virgin Galactic, George Whitesides, fortel til Al-Jazeera at passasjerane i topphøgda kan løysne tryggleiksselane, og flyte rundt i kabinen for å oppleva vektløyse utan tyngdekrafta på jorda.
Kan bli dyrare
Etter ein dødeleg krasj i 2014, bygde Virgin Atlantic om flyet og kom seg for første gong suksessfullt til rommet i 2018. I februar 2020 opna dei billettsalet. Billettane skulle opphavleg kosta omlag 250.000 dollar, men Whitesides har åtvara om at det kan bli mykje dyrare etterkvart som utviklinga av flyet held fram.
Så har du over to millionar kroner til overs, er det berre til å stilla seg i kø saman med dei 600 andre som har gjort det.
- Les også: Dette krevst for å verte astronaut