Du treng:
- Handsag, hammar og spiker.
- Plankebitar som er 2 cm tjukke. Vel material som ikkje har vore sett inn med maling eller andre kjemikaliar, og det er fint om den sida av plankebitane som vender inn mot piggsvinet, er uhøvla.
- Takpapp eller kraftig plastduk.
- Tørre blad og gjerne halm til å fore huset med.
Dette er eit hus med to rom: Eit hovudrom og ein gang. Hovudrommet er der piggsvinet søv, og gongen skal gjere det umogleg for ein katt eller eit anna dyr å strekkje potane sine inn i hovudrommet.
På teikninga er D og E langveggane, og A og C er kortveggane. B er skiljeveggen mellom dei to romma. For å lage eit lokk (F) som ikkje kan skli eller skyvast av, kan du skru fast to lister på undersida av lokket som passar i to spor du har saga ut i skiljeveggen.

Piggsvin likar å ha det litt trongt. Det må ikkje vera for høgt under taket i piggsvinhuset, og fyll gjerne opp med halm. Det likar dei. Då blir det godt og varmt til vinteren.

Ikkje sett huset på eit fuktig underlag, og velg ein stad der piggsvinet kan bu uforstyrra, for eksempel i skjul bak ein gamal vedstabel. Om du ikkje alt har kledd loket med takpapp, så dekk til huset med plastduk eller eit anna vasstett materiale.