Greta har skrive brev til Noreg

Greta Thunberg meiner at regjeringa bryt FN si Barnekonvensjon. No har ho og andre klimaaktivistar skrive brev til Erna Solberg.

Grunnen for at dei har sendt brevet er fordi Stortinget skal torsdag halde ei høyring om iskanten, og regjeringsforslaget om å flytte grensa for oljeverksemd i Barentshavet, skriv NRK.

Det har vore mykje snakk om ein iskant, men kva iskant er det?

Iskanten er området der isen i Arktis møter det opne havet. Alle er einige om at iskanten i nord går i Barentshavet (mellom Noreg og Svalbard) – men sidan is smeltar kvar vår er det usemje om kvar grensa går.

Illustrasjon: WWF

Aktivistane meiner Noregs planar om å utvinne meir olje og gass strid mot FNs barnekonvensjon, som går ut på å verne barn frå truslar mot helsa og velværet deira.