– Det er dumt at det ikkje er russ i år. Eg vil at mamma eller pappa skal kle seg i blått eller raudt og dele ut gamle russekort ute i hagen, fortel Karen.
– Ja, det kan bli eit artig syn for naboane, seier mamma Kjerstin og ler.
I fjor gjekk Karen i barnetog, samla russekort og åt masse is og kaker og konkurrerte i tautrekking, potet- og sekkeløp med venner. Slik blir det ikkje i år.
Strenge smittevernråd for landet
Dei nasjonale smittevernråda gjer at barnetoga slik vi kjenner dei ikkje kan gjennomførast i år. Det same gjeld større feiringar med over 50 personar på grendehus og skular.
Lokale musikkorps kan spele og marsjere om det ikkje følgjer menneske bak eller står mange tilskodarar langs vegen. Men musikantane må halde to meters avstand.
Karen håper på fint vêr, for då blir det fest ute i hagen med familien.
– Det viktigaste er å vere med familien, seier Karen. – Då kan vi lage vårt eige tog. Enten inne i huset eller aller helst ute i hagen.
Skal synge nasjonalsongen kl 13
Klokka 13 har kulturminister Abid Raja oppmoda alle i Noreg til å synge saman på nasjonalsongen, og det skal familien til Karen også gjere.
Karen er usikker på om ho kan alle versa i nasjonalsongen, men første verset sitter som det skal. Det beviser ho med å spontantsynge Ja, vi elsker over telefonen til journalisten.
– Heile familien min likar å synge, fortel Karen.
- LES OGSÅ: Ja, vi elsker – nasjonalsongen vår
Bunaden er hos mormor
På nasjonaldagen brukar alle å kle seg i sin finaste stas. Det skal Karen også gjere. Eigentleg skulle ho arve mammas gamle Målselv/Bardu-bunad, som mormor har laga. Den bunaden brukte mammaen til Karen då ho var blomsterpike på kongen si signingsferd i 1992. Men bunaden er hos mormor, så Karen får heller glede av den neste år.
– Men vi har ein annan barnebunad du kan bruke, seier mamma.
Fin og pynta blir ho uansett, og Karen gler seg til barnas dag.
Familien skal heise opp flagget ute i hagen. Der blir det familiekamp i tautrekking, «russeleik» og eting av is og kaker til dei alle blir kvalme.
Gratulerer med ein litt annleis nasjonaldag!
(Intervjuet blei gjort før regjeringa kom med dei siste nasjonale smitteverntiltaka på årets 17. mai-feiring.)