Dette treng du:
Til sjølve sushirullen:
- Sushiris
- Scampi
- Teriyakisaus
- Kremost
- Tangpapir
Pynt:
- Jordbær
- Honningrista peanøtter
- Sylta ingefær (i glas frå butikken)
Chillimajones:
- Sweet chillisaus
- Majones
Utstyr:
- Ei skål med vatn
- Ei skål
- Eit fat
- Ein smørekniv
- Bambusmatte
- Kok sushiris (følg instruksjonane på pakka Få gjerne hjelp av ein vaksen til dette.
- Ta fram eit tangpapir, og start med å dyppe fingerspissane i skåla med vatn. Det gjer vi for at risen ikkje skal henge seg fast i fingrane. Så legg du ris på tangpapiret i eit passe tynt lag. Pass på at risen ligg cirka 1 cm frå kantane på tangpapiret.
- Smør teriyakisaus i ei stripe på tvers over risen.
- Legg bitar av kremost på stripa med teriyakisaus.
- Steik (viss du har rå scampi). Viss du har kjøpt kokt scampi kan du berre varme dei litt i ei panne eller bruke dei kalde. Ta av halane på scampiane (viss dei har halar). Del scampiane i to og legg dei i ei rekkje saman med kremosten og teriyakisausen.
- No skal vi lage sjølve sushirullen. Bruk bambusmatta når du ska rulle. Gni litt vatn på kanten på tangpapiret. Rull slik at innhaldet i rullen ligg på tvers. Klem rullen i bambusmatta slik at den blir fast og fin.
- Skjær av endane på begge sider. Del kvar rull i to, og del så videre i to og i to. Av ein rull får du 8 bitar.
- Bland 1 dl. majones med 1 ss sweet chillisaus. Ta ei skei og drypp litt chillimajones på toppen av kvar sushibit. Du kan også bruke denne blandinga til å dyppe bitane i når du set deg for å ete.
- Pynt bitane med jordbær og honningrista peanøtter på toppen. Legg litt sylta ingefær ved sida av sushibitane.