Neste år kan alle på mellomtrinnet vere med på Bokslukarprisen

Skuleåret 2020/21 blir Bokslukarprisen utvida til å gjelde heile mellomtrinnet. Det vil seie elevar på 5., 6. og 7. trinn. No får over 120 000 elevar moglegheita til å oppdage nye bøker og delta i prosjektet.

Leselysttiltaket Bokslukarprisen, som Foreningen !les står bak, har vore ein suksess sidan prisen vart etablert i 2014.

Rundt 235 000 elevar har så langt deltatt i prosjektet, og har via prosjektet oppdaga nye og gode bøker.

Dei har lese, vurdert og stemt fram favorittane sine. Bokslukarprisen har lenge vore reservert for elevar på 6. trinn, men takka vere auka middel frå Utdanningsdirektoratet blir leseaksjonen no utvida til å gjelde 5., 6. og 7. trinn til hausten.

Troels Posselt, prosjektleiar i Bokslukarprisen i regi av Foreningen !les. (Foto: Kristin Strøm).

Troels Posselt, prosjektleiar for Bokslukerprisen i Foreningen !les, er svært fornøgd med å kunne utvide tilbodet.

– Vi er utruleg glade for at Utdanningsdirektoratet no bidrar til at alle barn på mellomtrinnet kan få vere med på Bokslukarprisen. Vi veit at leselyst og engasjement for lesing er kjempeviktig for barn i denne aldersgruppa, seier han.

I Bokslukarprisen får alle påmelde elevar ein eigen antologi med ti utdrag frå norske bøker for aldersgruppa 10-12 år.

I løpet av hausten les og stemmer elevane fram fem superfinalistar. Desse fem superfinalistane blir lesne så frå perm til perm av utvalde juryklassar frå ulike stader i landet.

Juryklassane stemmer deretter fram favoritten sin. Førre veke vart Arne Svingen tildelt Bokslukerprisen 2020 for romanen «En himmel full av skyer» (Gyldendal 2018).

Påmelding til Bokslukerprisen neste skuleår er no opna. Kanskje du kan tipse læraren din om melde på klassa di?