No kan du endeleg ha barnebursdag – men med reglar

Mange barn har ikkje fått feira bursdagen sin med venner under koronaperioden. No når skulane opnar igjen for dei minste kan ein endeleg feire bursdagar igjen. Men der er nokre reglar.

Bursdagsfeiring kan haldast dersom smittevernregler for skulane blir tatte vare på. Det vil seie:

  • ingen sjuke kan møte
  • det må vere mogleg å overhalde god handhygiene
  • dei inviterte må vere frå dei same gruppene (kohortane) barnet er i på skulen
  • det bør ikkje vere andre ledsagere/deltakarar tilstades
  • bursdagen bør fortrinnsvis vere utandørs
  • Foresatte til bursdagsbarnet/arrangør bør ønske å halde avstand til dei andre barna, som dei elles ikkje har nærkontakt til.
  • Mat bør serverast porsjonsvis, også kake. Rene hender for dei som serverer og dei som et.

(Kjelde: Margrethe Greve-Isdahl, overlege ved Folkehelseinstituttet)