Kva er eigentleg ei dialekt?

Ei dialekt er eit talemål som kan vise kvar du kjem frå. Vi skriv nynorsk eller bokmål, men vi snakkar dialekt.

I Noreg har vi to skriftspråk, men vi har mange, mange dialekter. Det er noko som gjer Noreg unikt.

Det er svært få som snakkar nynorsk eller bokmål. På NRK kan ein av og til høyre nyheitsopplesarane snakke nynorsk. Då snakkar dei normert nynorsk, slik som vi skriv, og ikkje si eiga dialekt.

Det kjem av at NRK har strenge språkreglar – for å bevare det norske språket.

Språket endrar seg

Radio, TV og sosiale medium har stor innverknad på korleis vi snakkar.

Vi reiser meir, og verda er berre eit tastetrykk unna på internett. Alt dette gjer at dialektene stadig er i endring. Dei blir meir og meir utvanta.

Det kan rett og slett vere vanskeleg for ein utanforståande å høyre om ein person kjem frå Lillehammer eller Oslo.

Talespråket endrar seg raskare enn skriftspråket.

Noreg har mange låneord

Låneord er ord vi har adoptert frå andre språk. Dei aller fleste kjem frå det engelske språket.

Døme på nokre låneord:

  • caps
  • sorry
  • styling
  • beauty bag
  • chips
Noreg er eit langt land med mange dialekter.
Noreg er eit langt land med mange dialekter. Illustrasjon: Pixabay

Inndeling av dialektområde

Noreg er eit lite land, men likevel eit ganske langt land med fjordar og høge fjell. Vi har derfor utprega dialekter.

Dialektane kom fordi menneska ikkje hadde så mykje kontakt med kvarandre, slik som vi har i dag.

Vi kan dele dialektane inn i fire dialektområde.

  • Nordnorsk
  • Vestlandsk
  • Austnorsk
  • Trøndersk

Dialekter kan vi igjen dele opp i andre kategorier.

Sosiolekt: Sjå føre deg Oslo. På vestkanten snakkar dei gjerne litt meir “korrekt og finare”. På austkanten av byen har dei meir slang. Det er det vi kallar for sosiolekt.

Etnolekt: I mange norske byar har det busatt seg folk frå andre delar av verda. Når ord frå deira språk blir blanda inn i det norske språket får vi det som heiter etnolekt. Etnolekt er altså ei blanding av norsk og eit anna språk med både ord og tonefall.

Vi har mange ulike dialekter i Noreg.
Vi har mange ulike dialekter i Noreg. (Illustrasjon: Colourbox)