Synne Vo får dialektpris | Framtidajunior.no

Synne Vo får dialektpris

Synne Vo gav tidlegare i år ut låten «Du skal få en dag i mårgå», som er ein vri på Alf Prøysen sin klassikar. Foto: William Blofeld
Tidlegare vinnarar av dialektprisen

2023: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland, artistar 2022: Karsten Warholm, friidrettsutøvar 2021: Kjartan Lauritzen, artist 2020: Victor Sotberg, Youtubar og programleiar 2019: Helsesista (Tale Maria Krohn Engvik), Some-personlegdom Kjelde: Norsk Målungdom

– Synne Vo har blitt populær dei siste åra med fengande låtar på gudbrandsdøl. Ho lagar musikk som treffer unge og er med på å assosiere innlandsdialekt med popkultur og nyskaping, uttalar leiar i Norsk Målungdom Sebastian Vinsent Natvik i ei pressemelding.

Synne Vorkinn, kjent under artistnamnet Synne Vo, får Dialektprisen for 2024 under landsmøtet til Norsk Målungdom.

Synne Vo gav i fjor ut debutalbumet Kanskje det går te helvete. Tidlegare i år fekk ho mykje merksemd for låten Du ska få en dag i mårgå, som er ein versjon av Alf Prøysen sin folkekjære song.

Sebastian Vinsent Natvik er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom

Målungdommen synest det er stas å kunne gje prisen til eit ungt førebilete som er på veg opp.

– Musikk er ein utruleg viktig kanal for å formidle kultur og identitet, og dette gjer Synne på strålande vis ved å kombinere det bygdenostalgiske og heimekjære med ei universell oppleving av å vere ung og svolten på livet, meiner Natvik.

Kva meiner du?

301 svar

Spelar du meir no enn før koronaen kom?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir