Regjeringa innfører bamsekarantene

Alle klassebamsar må diverre i karantene, seier kunnskapsminister Guri Melby (V). Dette er ein av reglane for å førebygga smitte av korona i skulen.

– For det fyrste – dette kan kanskje vera kjedeleg for enkelte barn – men dei kan ikkje ha med seg leiker heimefrå – ikkje eingong den viktigaste kosekluten. Og alle klassebamsar må diverre i karantene, sa Melby på regjeringa sin pressekonferanse måndag ettermiddag denne veka.

Om ei veke opnar skulane att for 1.–4. trinn, og Melby seier målet er at alle elevar skal få komme tilbake på skulen før sommaren.

Det var NTB som fyrst omtala saka.