Me fant byggjeteikningar på denne nettadressa: www.moseplassen.no/2013/04/bygg-
fuglekasse-arbeidstegninger/
Pappa sagde ut alle delane, og eg skrudde dei samen.

Me måtte først bora hål der skruane skulle inn, viss ikkje kunne da sprekka. Det var viktig å bora beint. Det var litt vanskeleg men eg fekk det til.
Når alt var ferdigskrudd og spikra måtte eg pussa alle kantane.

Først måtte me mala veggane og taket på huset. Eg måtte mala veggane på huset mitt fleire gangar fordi eg såg i gjennom malinga. Og så venta eg til det tørka, og så malte eg detaljane.

Eg brukte teip for å laga beine vinduer og dør. Eg lagde og ein postkasse til fuglane.
Me skal henga fuglehuset ute i hagen på eit tre. Eg er spent på om da kommer fuglar i huset mitt.

Sofie Fadnes (11) var ein av finalistane i skrivekonkurransen vår.