Pølestjuven vann bokpris

Marianne Gretteberg Engedal er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2019 for debutboka Pølsetjuven. Boka har kome ut på Samlaget.

– Prisen har blitt delt ut av Noregs Mållag sidan 1968. Nynorsk barnelitteraturpris er eit diplom og 30 000 kroner, fortel Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Grunngjevinga frå juryen:
«Vinnaren av  Noregs Mållag sin nynorske barnelitteraturpris 2019 har vist gjennomført kunstnarisk kvalitet i debutboka si. Fronten skapar forventning om ei historie som handlar om ein gut som har gjort noko gale. Juryen var einig om at dette er ei bok som barn vil sjå og dermed ønskja å lesa. Me trur jamvel den vaksne også vil sjå at denne skil seg ut frå andre bøker.

Illustrasjonane har noko sart, humoristisk, naivistisk og samtidig noko slitesterkt ved seg. Du kan lesa boka 10 gongar og du vil enno finna noko nytt når du les den dei neste gongane. Berre innsidepermen kan du bruka ei heil «godnatt-lesestund» på å sjå kva som er forskjell frå innsidepermen på fyrste side og den siste. Fargebruken i illustrasjonane har ein heilskap sjølv om det er brukt mange fargar. Dei er frodige på ein dusaktig måte.