Forfattarspalte med Pølsetjuv-Marianne

Marianne Gretteberg Engedal er illustratør og forfattar. I tillegg er ho utdanna kokk. Marianne likar å teikne tjuvar.

  • Namn: Marianne Gretteberg Engedal
  • Alder: 33 år
  • Mental alder: 73 år

Aktuell med: Pølsetjuven

Kjell er ni år og fødd inn i ein tjuvefamilie. Men Kjell vil ikkje vere tjuv. Ein dag må Kjell stele frå venen sin, Pølse-Per. Pølsetjuven handlar om å finne ut kven ein eigentleg er – og om å tore å leve slik ein ønskjer.

Kven sendte du din siste SMS til? – Øyvind, illustratørkollega

Kva stod der: – Jaok

Kvar er du akkurat no? – På kontoret på St.hanshaugen

Kva synest du om Fortnite? – Veit ikkje kva det er.

Kva for ein fisk er søtast? – Den med føter, Axolotl, sjølv om den ikkje eigentleg er ein fisk.

Pmalkowski/Wikipedia/CC BY 3.0

Kva for ein historisk person kunne du tenkt deg å vere for ein dag? – Albert Einstein

Albert Einstein: Wikipedia Commons

Kva for ein kjendis kunne du tenkt deg å invitere på eit glas brus? – Helge Jordal (Ein norsk skodespelar)

Dilemma

Bade utandørs kvar einaste morgon – heile året, eller smøre inn håret med ketsjup kvar morgon som du må gå med heile dagen.

– Eg liker ikkje så godt å bade, men eg liker endå mindre å ha kliss i håret, så eg vel å bade.

Tre barnebøker du vil anbefale

  • Sikade- Shaun Tan
  • BarbieNils og pistolproblemet- Kari Tinnen
  • Når alle sover- Nicolai Houm
Sikade: Cappelen Damm, BarbieNils: Gyldendal, Når alle sover: Gyldendal

Kan du kome med ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?

– Eg er 73 år, så langt tilbake hugser eg ikkje.

Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?

– Teikningar!

Fullfør setninga:

Det beste med å lese ei bok er… å gløyme at resten av verda finst.