Først må ein vite forskjellen på ein kristen og ein jøde, og kva dei trur på:
- Kristne og jødar har den same guden.
- Det gamle testamentet er lik i begge religionane.
- Den nye testamentet, som handlar om Jesus, er berre i den kristne bibelen.
- Jødar trur ikkje at Jesus var Guds son. Dei ventar framleis på han.
- Jesus var ein jødisk predikant som forkynna Guds ord.
- Jesus blei arrestert og dømt av jødiske myndigheiter, og krossfesta av Pontius Pilatus.
- Etter Jesus sin død trudde følgjarane at han stod opp frå dei døde, og samfunnet rundt han danna til slutt den kristne kirka – den kristne religionen.
KRISTEN PÅSKEFEIRING

KRISTEN PÅSKEFEIRING: Dei kristne feirar påske til minne om Jesu død og oppstode.
Jesus blir sett på som Guds son. Påska er ei viktig hending for dei kristne.
JØDISK PÅSKEFEIRING

JØDISK PÅSKEFEIRING: Jødane feirar pesach slik Jesus sjølv, og disiplane gjorde: Til minne om at Moses førte Israelsfolket frå slaveriet i Egypt for meir enn 3.000 år sidan.
Jødar trur ikkje at Jesus er Guds son.
Påskemåltidet for kristne og jødar

Det kristne nattverdmåltidet: Det siste måltidet Jesus hadde med disiplane. Brødet og vinen du får i nattverden er symbol på Jesu legeme og blod.
Jødisk påskemåltid: Jødane eter Matzah. Då israelsfolket kom seg fri frå Egypt skjedde det så raskt at dei ikkje rakk å heve brødet. Derfor et dei Matzah, som er eit usyra og uheva brød som minner dei om denne hendinga.
Visste du….
PÅSKEMÅLTIDET som kristne kjenner som Jesu nattverdmåltid, var i verkelegheita eit jødisk påskemåltid som består av brød og vin.