Serien er ifølgje produsenten ein del av strategien for å lukka «The Dream Gap», som går ut på at jenter i tidleg alder sluttar å tru at dei kan bli president, forskarar, astronautar, store tenkarar, ingeniørar og toppleiarar.
Ella, Florence og Billie
No lanserer Barbie tre nye dokker i serien av inspirerande kvinner. Dei tre som får æra denne gongen er gullstrupen Ella Fitzerald, sjukesyster Florence Nightingale og tennislegenda Billie Jean King.
Ella Fitzerald

Jazzsongaren Ella Fitzgerald hadde ein enorm produksjon med over 200 album, før ho døydde i 1996.
Sjukesyster Florence Nightingale

Britiske Nightingale vert rekna som ein pioner innafor moderne sjukepleie og hadde sitt virke på slutten av 1800-talet.
Billie Jean King

Tennislegenda King er den einaste av dei tre kvinnene som framleis er i live.
Andre kjende barbie-versjonar
Tidlegare har mellom anna borgarrettsforkjempar Rosa Parks, kunstnar Frida Kahlo og astronaut Sally Ride, som var ei av King sine venninner, blitt lansert i Barbie-versjon.
