Når eg badar føler eg på ei ubeskriveleg glede

MEINING: Om sommaren gjer eg mykje kjekt som eg vil dele i ei liste her!

FOTBALL

Eg elskar å spele fotball ute. Då får eg møte andre folk, og eg får spele ein sport eg likar veldig godt.

BASKETBALL

Basketball synest eg at er ein fantastisk sommaraktivitet som ein kan gjere store deler av året. Som fotball elskar eg også basketball, der eg har det kjekt medan eg er fysisk aktiv.

BADE

Om sommaren elskar eg å bade både ute og inne. Når eg badar føler eg på ei ubeskriveleg glede. Det er kjekt å gå i sommarsola og bade i vatnet.

DRA PÅ HYTTA

Om sommaren er det alltid herleg å ta ein tur på hytta og gå turar på fjellet, bade og møte på kjente. I tillegg får eg ei indre ro som eg ikkje får i kvardagen.

Håpar det var kjekt å lese!