Selma (10) frå Tysnes spelte teater for over 2000

Selma Nikolaisen (10) er så glad i å spela teater at ho pendlar til naboøya Stord for å spela teater. Sist helg spelte ho for over 2000 publikummarar.

Selma Nikolaisen (10) er den einaste frå Tysnes som er med på storoppsetninga «Lucia» til Spinae Company på Stord. Kring 200 barn, unge og vaksne er med som dansarar og skodespelarar i framsyninga som er laga av Magdalena From Delis.

Torsdag sist veke var det premiere etter ein travel øvingsperiode.

– Det var gøy, men også ganske stressande, fortel Selma Nikolaisen.

Selma Nikolaisen (10) har blitt vand med å sitja i ro i sminken. Foto: Privat

Teaterpendlar

Dei siste to vekene har ho reist til Stord kvar dag. Då blir det mykje køyring.

– Det går greitt å ta ferja og reisa, seier Selma Nikolaisen.

Mora hennar, Betsy Nikolaisen, vedgår at det blir mykje køyring.

– Men det er verdt det når eg ser kor ho kosar seg, og kor mykje det betyr for ho, seier ho.

– Eg har fått meg veldig mange venner, seier den unge skodespelaren.

Alt er gøy med teater!

Selma Nikolaisen spelte i Olavsgildet i sommar, og hadde hovudrolla i skuleframsyninga til fjerdeklasse i fjor. No i haust byrja ho i teatergruppa til Spinae Company på Stord.

– Me har ikkje teater på Tysnes, og så hadde eg lyst til å bli kjent med nye folk og spela teater, fortel ho når ho blir spurt om kvifor ho byrja.

– Kva er det som er så gøy å spela teater?

– Alt er gøy med teater! For eksempel så kan eg få kjefta på folk. Det er ganske gøy, ler ho.

– Blir ikkje nervøs

I rolla speler ho ei mor til vandringsfolket, og då får ho høve til å kjefta på ein av vennane sine.

– Korleis går det å hugsa replikkane dine, då?

– Det går greitt. Eg er litt god til å hugsa, og så har eg øvd nesten heilt sidan eg byrja i haust.

Den siste veka har ho spelt seks framsyningar av «Lucia», fleire gonger med over 400 i salen.

– Blir du nervøs når det er så mange folk som ser på deg?

– Nei. Det er det same om det er folk i salen, eller ikkje. Eg gløymer at det er folk der, seier den unge skodespelaren frå Våge.