Dette treng du:
- Potte
- Oasis
- Mose og anna grønt du finn ute
- Eit raudt eple
- Ei julekule eller anna pynt som får plass i potta
- Appelsin
- Sukker
- Vatn
Slik gjer du:
- Fyll ei potte med oasis, og pynt med mose og anna grønt.
- Legg eit lite raudt eple og litt julepynt på toppen.
- Skjær appelsiner i tynne skiver. Lag sukkerlake av 1 dl. sukker og 1 dl. vatn. Kok opp og rør til sukkeret har løyst seg opp. Avkjøl blandinga før du dyppar appelsinskivene i lake.
- Set ovnen på 50 grader, og legg appelsinskivene utover på eit bakepapir. La dei stå i ovnen i minst tre timar.
- Dekorer med appelsinskiver oppi potta saman med resten.
EKSTRA TIPS: Appelsinskiver kan du også nytte til dekorere med elles i huset. På bordet når de skal ete julemiddag, på juletreet (tre ein tråd gjennom med ei nål og heng opp), eller heng dei i vindauga.