– Det er spanande å møte ordføraren og høyre om ho likar det vi har planlagt. Og så er vi glade om ho kjem med forslag på ting ho føler er viktig å få med i programmet, seier Ellinor Kristine Kleppe (12).
Det er to ting festkomiteen meiner er viktig å få fram.
- Ikkje trakk andre ned for å reise deg sjølv opp.
- Bruk makta di på noko godt.
– For alle har makt, seier Nena Løvik (12).
Og det er det gjengen frå festkomiteen vil vise med festen dei skal arrangere.
(Saka held fram under bilete).

Hovudpersonen kjem ikkje
Barna møter ordføraren på kontoret hennar. Ut frå vindauget kan ein sjå det gule bygget som huser Nobels fredspris-senter.
Festkomiteen presenterer ideane dei har planlagt. Dei har laga song og fått unge artistar til å kome å opptre. I tillegg kjem kronprins Haakon.
– Men prisvinnaren Abiy Ahmed kjem ikkje, informerer Mira Maslenda (11), som er møteleiar for møtet.
– Kjem han ikkje? seier Marianne som ikkje har høyrt dette før.
– Då blir eg lei meg på dykkars vegner, men vi kjem til å ha det gøy likevel.
- LES OGSÅ: Lær meir om fredsprisvinnar Abiy Ahmed
(Saka held fram under bilete).

Alle i Noreg kan delta på festen
Sidan prisvinnaren ikkje kjem på Redd Barna sin barnefest er det kanskje endå viktigare at dei får spreidd ordet.
– Vi lurer på om vi kan få hjelp frå deg til å spreie informasjon om festen vår? spør Mira.
Ordføraren vil gjerne hjelpe. Ho vil dele med sine mange tusen følgjarar på Facebook, men tipsar dei også om å ta kontakt med dei som styrer heimesida til skulane. Der kan det kome informasjon om at alle barn i heile Noreg kan følgje festen over internett.
Vil du følgje med på festen? Gå inn på Redd Barna si heimeside.
TIPS: Redd Barna har laga mykje fint opplegg som du og klassen kan brukte i førebuinga til den store prisutdelinga.