Undersøkinga er gjort av Universitetet i Bergen, og er ei stor klimaundersøking utført av Opinion.
Det var NRK som fyrst omtalte saka.
Målet ved undersøkinga var å finne ut om det norske folk har endra vanane sine. Eller om dei er villige til det.
61 prosent seier dei i stor eller ganske stor grad er villige til å endre vanane sine generelt av omsyn til klimaet.
32 prosent er i liten grad villige til å legge om vanane sine.
Flest seier at dei har kjeldesortert meir det siste året av omsyn til klimaet. Langt færre har ete mindre raudt kjøt eller unngått å fly.