Mange er imot norsk halloweenfeiring

Det er mange som meiner at halloween er både masete, tullete og unødvendig. 52 prosent likar dårleg at det blir feira i Noreg.

Berre 25 prosent likar det i følgje ei undersøking utført at YouGov på oppdrag av Danske Bank.

I alt vart det gjennomført intervju med 1.008 personar over 18 år om forholdet deira til halloweenfeiringa i Noreg.

Det kjem fram at dei som likar halloween elskar det og at dei feirar skikkeleg, og kjem ikkje til å slutte med det.

Halloween blir markert 31. oktober, som er kvelden før allehelgenssdag 1. november.

Skal du kle deg ut og gå knask eller knep?

Skal du kle deg ut og gå knask eller knep?

Ja! Sjølvsagt!172
Viss eg får lov118
Nei, aldri i livet46
Eg får ikkje lov31
Kanskje 12
Veit ikkje8
Svar totalt: 387